KRONIKK:

KVEN HAR RETT TIL VERDAS KULTURARV?

Praksisen med varemerkeregistrering av omgrep frå verdslitteraturen er global. Peer Gynt as har søkt Patentstyret om å få registrere omgrepet Peer Gynt, Bøygen og Anitra, saman med andre navn knytt til våre kulturproduksjonar og arrangement. Dette har ført til debatt i pressa, noko som gir eit godt høve til å setje søkelys på ei viktig sak for kultur og opplevingsnæringa.

Peer Gynt as har gjennom dei to siste åra arbeidd tett saman med Kunnskapsparken på Lillehammer og Center of Intellectual Property Studies, ved Chalmers universitet i Gøteborg for å skaffe seg kunnskap om forvalting av immateriellrett og immaterielle verdier. Gjennom denne prosessen har vi vorte bevisste på ulike måter å ta eigarskap til, og verne om det som det blir investert tid, energi og ressursar i. Det har satt oss i stand til å sikre rettane til dei varemerka som frivillige og tilsette gjennom mange år har bygd verdi inn i. Eit varemerke representerer identiteten til og kjerneverdien i eit selskap, og skal gje signaler om kvaliteten og omdømmet til den som eig varemerket. Vi har store ambisjonar om vidareutviklinga av Peer Gynt lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Dei varegruppene vi har registrert varemerket i, er relevante for utviklinga i selskapet. Det representerer ein sunn måte å drive selskapsutvikling på, ikkje minst fordi vi lev i ei stadig meir globalisert verd. Ifølge ei undersøking er Noreg blant dei dårlegaste i OECD landa på forvaltning av immaterielle verdiar.

Askeladden, kanskje den mest kjende skikkelsen frå vår felles kulturarv er varemerkeregistert i 25 klasser i Noreg, deriblant TV2 som har registrert rett til namnet i 5 ulike klassar. Varemerket ”Henrik Ibsen” og signaturen hans blir kontrollert av Norsk Folkemuseum, mellom anna i klassar for paraplyar, reiseeffektar og møbler. I Bergen finn vi både ”Den Stundesløses Bar” og ”Jeppes Kro og Pizzeria”, båe med registrerte varemerke. Grieg-jubileet i 1993 hadde registrert Edvard Grieg i hele 16 ulike klasser. Går vi internasjonalt er eksempla enda fleir. Romeo og Julie, Hamlet, Askepott, Ole Brum og Don Quijote er alle registrerte, og eigarane er alt frå små handverkarar til internasjonale konsern som Carlsberg og Disney.

Det fins ei rekkje registrete og uregisterte varmerke knytt til Peer Gynt. Eit uregistrert varemerke er eit varemerke som blir innarbeidd i ein marknad over tid. Ved eit enkelt søk på internett er det mogleg å identifisera opptil 40 ulike varemerke knytta til Peer Gynt, alt frå barar på den spanske solkysten til kjøpesenter på Vinstra. Når det gjeld dei registrerte varemerka rundt Peer Gynt, er ikkje Peer Gynt as fyrst ute. Allereie i 1955 registrerte Bergans ”Peer Gynt” i 5 ulike klasser. Sidan den gong er varemerket vorte registrert i dei fleste klassane, av alt frå garnprodusenten Sandnes Uldvarefabrikk, gullsmed David-Andersen, turoperatøren Peer Gynt Tours, båtprodusenten Peer Gynt Yacht i Florida, til rockemusikaren Peer Gynt.

Fleire aktørar innafor kunst og kulturområdet bør, og må, tileigna seg kunnskap på dette området. At aktørane innafor kunst- og kulturområdet får moglegheit til å tene pengar på virket sitt, sikrar ei vidareutvikling. Stortingsmelding nr 22 om Kultur og Næring seier følgjande: ”I eit næringsperspektiv er det særleg viktig at aktørar i kulturnæringane har god forretningsmessig kompetanse. Dette vil kunne hjelpe dei til å utvikle eit eventuelt potensiale for lønnsemd.” Skal kulturnæringa bli akta som ei viktig næring, må ein kunne nytte seg av dei same virkemidla som anna næringsliv har moglegheiter til.

Henrik Ibsens verk Peer Gynt er allemannseige, og dramaet blir satt opp og tolka av kunstnarar over heile verda kvar dag. Kunsten er fri, og det er i Peer Gynt as si interesse at den fortsett å vera det. Det er den store interessa rundt det universelle dramaet som gjer at 80 års historie med Peer Gynt-satsing i Gudbrandsdalen har eit så stort nedslagsfelt. At Henrik Ibsen plasserer Peer Gynt i Gudbrandsdalen i innleiinga til dramaet, og refererer til historiene om den lokale Per Gynt som ein inspirasjonskjelde i brevs form, gir oss ein posisjon som forvaltar av ein viktig del av arven etter Ibsen.

Kven bør så ha retten til å registrere varemerke knytt til kulturarv og kunstskattar? Peer Gynt-stemnet si historie går heilt attende til 1928. Gjennom desse åra har friviljuge og tilsette med bidrag frå lokalt næringsliv, forvalta Peer Gynt-satsinga i Gudbrandsdalen. I 2007 førte dette arbeidet til at vi fekk knutepunktstatus for Peer Gynt-stemnet. Peer Gynt-satsinga framover er ambisiøs og målretta, og varemerkeregistrering av begrep knytte til satsingsområda våre er eit viktig fundament for å nå desse måla. Å finne god balanse mellom kunst og kommersielle hensyn er ikkje enkelt, men det er viktig. At vi tek eigarskap til det vi skaper, og sørgjer for at den kommersielle satsinga er relevant og av høg kvalitet, meiner vi ikkje er til ulempe for den frie kunsten.

Vinstra, 29.05.08

Peer Gynt as

May Brit Støve
Sjef for samarbeidsavtaler

Eli Blakstad
Administrerande direktør